design
design element
Gjerstad kommune
design
design element
design element
Historie

 


Om Gjerstadheimen og sånn….

Det med alders- og sjuke heim er nå blitt ein selvfølge, og er rett og slett ein nødvendighet i dagens samfunn. Slik har det ikkje alltid vore.

Fram til slutten av 1800 talet blei folk som ikkje kunne ta vare på seg sjøl sett ut på gårdane. Dei ble kalt for "legdslemer" eller "lemer" som dei sa, og storbønder måtte ta seg av tri te fire "legdslemer" av gongen. Desse gikk frå gård te gård, og var der i nåka veker før dei reiste til neste. Dei som var så kleine at dei ikkje kunne gå, måtte kjørast. Dette var en plikt dei hadde på gårdene den gongen.

I 1884 gikk Egelands verk konkurs. Verket hadde til den tid tatt seg av pensjonistene som hadde arbedd der. Gjerstad kommune tok over etter verket i 1885, og "Fattig hjemmet på Fossen" ble etablert i kommunal regi. 

FattighusPå "Fattighjemmet" budde det opp til 30 personer. Det var mennesker som var gamle eller sjuke, eller som av ein eller anna grunn ikkje kunne skaffe seg nok til livets opphold.

Her var folk i alle aldrar, nåken blei endå født der. Dei av bebuarane som kunne, blei sett i arbeid med å stelle mat, høgge ved eller andre gjøremål.


"Fattighjemmet" var og brukt til arrest for "farandes fant" hvis dei kom opp i slosstkamp eller lingnans.

Bestyrer eller Bestyrerinna budde der og styrte heimen. Budsjettet var ikkje stort, så dei måtte strekke pengene så langt dei kunne. Det er fortelt at dei kjøpte flesk som folka på verket ikkje ville ha for 35 øre kiloen. Det var mest bare fett, men dei sa at dei fekk meir for pengene då.

I 20-åra holdt kommunen på å miste gamleheimen. Dei hadde pantsett bygningen som trygd for et lån dei ikkje kunne innfri. I siste lita klarte kommunen å skaffe penger slik at drifta kunne fortsette.

Krava til reinslighet og personlig hygiene har forandra seg mykje på de siste 100 åra.

Rundt 1900 stod der i reglane at dei som budde på hjemmet, skulle vaskast minst ein gong i måneden.

Ein ny Gjerstadheim blir til.

Tilstanden på fossen blei etter hvert langt under den standarden som krevdes, og gamleheimsaka var oppe mange gonger. Sunde kvinnforening tok i 1944 initiativet til å samle inn penger for å få bygd ein ny gamleheim. I 1951 hadde kvinneforeningane i bygda samla inn 16.870 kroner.

Den 13 november 1954 vedtok Kommunestyret å sette i gang arbeidet med å bygge ny gamleheim som skulle ligge mellom Almuestaua og Gjerstad (Prestegården).

Det blei sett av 320 000 kroner, og hvis det ikkje var nok skulle arbeidet stoppes, for å gjøre det ferdig når kommunen fikk råd. Det kom ikkje på tale å låne penger til bygget.

Det blei ikkje slik. Når Gjerstadheimen stod ferdig sommaren 1957, hadde den kosta omkring 600.000 kroner og kommunen måtte låne 120.000 kroner av Gjerstad banken.

Gjerstadheimen var stor og moderne. I 20 år.

Endå ein ny Gjerstadheim blir til.

I 1970 åra måtte der utvidelser til. Det var behov for fleire plassar, og bygningane viste seg å være lite egna for rullestolbrukerar. Det blei diskutert ombygging og utvidelse, samtidig måtte administrasjonen i kommunen ha meir plass. Etter mykje om og men bestemte kommunen seg for å bygge ny Gjerstadheim på ei tomt i Hoppehagen. Kommunen fekk tilbud om å overta ein eiendom der, av Augusta og Albert Strand. Heimen var kostnadsberegna til 6,7 millioner.

I 1979 stod bygget ferdig og beregningane holdt ikkje denna gongen heller. Over 12 mill. måtte kommunen ut med for den nye Gjerstadheimen.

Nå er det gått vel 20 år og plassen er igjen for liten. Vedtak er fatta, planer og beregninger er gjort og byggingen er i gong. Då får mi håpe at dei som har gjort beregningane har truffe bære denna gongen. Hvis ikkje, ser mi kanskje 120 millioner når bygget står ferdig…?

Kilde: Gjerstad historielag


Sist oppdatert: 17.10.2007. 


Sist endret: 17.10.2007 - Endret av: Fossen Jannicke



Offentlige nettsider for Gjerstad kommune. Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Rådmann: Lars Lauvhjell  - Redaktør: Jonny Nordhus
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Gjerstad kommune og Nettkroken AS.

Get Acrobat Reader!