Den første Gjersdøling

Den tid Oskar Aasbø var lærar i Lunden krins, 1926 – 40, fekk ungane der ogoskli god heimstadlære. Blant anna fekk dei høyre om den fyrste Gjersdølingen. Historia gjekk omtrent slik:

“Då den siste istida slutta, for rundt 10 000 år sia, tok landet til å stige, men lenge gjekk sjøen heilt inn til Moreina der folk har funne skjøler (skjell) i sanden.

Gode 3000 år seinare, kan hende borti mote 4000, kom ei tømmerflåte sigande innover den lange fjorden. Dei heldt seg langs land, ifall det skulle blåse opp, for det var ikkje rare farkosten. Nåka store stokkar av ujamn lengde, bunden i hop med vier og tægar rundt tverrliggarane. Om dei kom frå aust eller vest, er det ingen lenger som veit, men hit kom dei.

Mann og kjerring og to svarte og snorrete ungar, alle kledd i skinn og bast, og ei lita bikkje som ligna på nåke midt imellom elghund og buhund, og bjeffa på alt som lea seg i strandkanten.

Der kjørka ligger, var ein liten holme, og dei staka gjennom det grunne sundet på vestsida.

Lundåsen var fin, og dei spekulerte lenge på om dei skulle gå i land i Apalåsen (Mostadheia). Det var ein stor holme, og trulig temmelig trygg. Men dei staka på til dei var så vidt forbi Skjeldlauslia. Der var trivelig, og der gikk dei i land.

Ungane og bikkja kjæta seg, mannen tok seg ein tur og gjorde seg kjent. Kjerringa sette seg ende ned, for ho gjekk på fallande fot.

Dei pelte seg nåka snilar og sjøler, som dei opna med ein spiss stein, åt noka røtar attil, og blåbær, det var det vel av.

Kjerringa sette ungane til å finne mose, og laga ei lita mjuk seng på barsenga som mannen hadde stella til. Så tok ho to fine hareskinn og stadda bort bak ein runne ved bekken.

Om ei stund hørte ungane ungeskrik.

Då dei kom bort holdt mora på å vaske ein nyfødt unge i bekken. Ho tørka han med det lange håret sitt, pakka han inn i hareskinnet, og lot han suge.

Det var den første Gjersdølingen…..”

Bjørk ved Gjerstadvannet - Klikk for stort bilde

Sist endret 02.06.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering Login for redigering