Temamøte – Hvordan ser landbruket i Gjerstad ut om 15 år?

Velkommen til temamøtet på Abel skole torsdag 12. sept. kl. 19:30.

Gjerstad kommune ønsker som et ledd i arbeidet med revidering av kommuneplanen å invitere næringen og andre til et temamøte om landbruk. Kva slags utfordringer har landbruket framover – både på landsbasis og i Gjerstad, og hva kan kommunen gjøre for å imøtekomme disse? Åpne nyheten for å finne programmet for kvelden.

Kva utfordringar har landbruket framover – både på landsbasis og i Gjerstad?

  • Trender: klima og forbruk?
  • Jordvern?
  • Bruksstorleik og busetting?
  • Lønnsemd?

Kva kan kommunen gjera for å imøtekoma desse?

Landbruket er ei arealkrevjande næring, ei næring som må planleggja over lang tid fordi det kostar både å investera i driftsbygningar og i jorda (god agronomi).

I kommuneplanens arealdel er landbruket i kategorien LNF – landbruk, natur og friluftsliv. Det har vore oppfatta som ein «rest»-kategori der ein kan gjera kva ein vil, men det kan ein faktisk ikkje.

Det er i denne kategorien landbruket  høyrer heime, men korleis tilrettelegg ein for landbruket her?

  • Soner med vekt på jordbruk – jordvern (hensynsone)?
  • Bestemmingar om minste grense til dyrka mark for frådeling av tomter og oppføring av bygg?

Korleis skal landbruket verta synleg i samfunnsdelen av kommuneplanen?

Korleis skal kommunen forvalta jordlova og konsesjonslova – med tanke på framtidige utfordringar?

Hovedinnlegg kjem frå landbruksdirektøren

Innovasjon Norge og Bondelaget bidreg med sine synspunkt og seier litt om kva dei meiner kan påverke landbrukets framtid.

Etter foredrag og innlegg vil det bli lagt opp til spørsmål til foredraga, innspel fra salen og meiningsutvekslingar.